Fagskulen Vestland

https://www.fagskulen.no/

Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med vel 2170 studentar og om lag 200 tilsette. Vi tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring. Våre utdanningar er korte og yrkesretta, og byggjer på fag-/sveinebrev, eller relevant arbeidserfaring. Skulen har eit stort og variert utval av utdanningar med tilbod innan maritime, marine, tekniske, petroleumtekniske, grøne- og helsefaglege retningar.

Fagskulen Vestland har fleire studiestader i Vestland fylke, men hovudadministrasjonen held til i Bergen, på Nordnes. På Nordnes finn ein tekniske og helsefaglege utdanningar.

Ved studiestad Førde tilbyr fagskulen tekniske utdanningar. Her har fagskulen også eit kurssenter for offentleg og privat næringsliv, og ein høgteknologisk lab som driftast i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning. Dei maritime utdanningane våre er godkjend av Sjøfartsdirektoratet og sertifisert av DNV. Vi tilbyr maritime utdanningar på tre studiestader: Austevoll, Måløy og Nygård i Bergen.
I tillegg har vi marine utdanningar på Austevoll og i Måløy. Austevoll har Ras, landbasert oppdrett, og Måløy har leiing i havbruksoperasjonar.

På Voss har vi lange tradisjonar innanfor anlegg, og på Hjeltnes i Ulvik kan ein studere for å bli arborist eller fordjupe seg innan lokal matkultur.

KONTAKT FAGSKULEN VESTLAND:

  • Telefon: 55 33 78 00
  • e-post: fagskulenvestland@vlfk.no
  • Postadresse: Fagskulen Vestland, Postboks 1876 Nordnes, 5817 Bergen

Her finn du kontakt og besøksinformasjon til studiestadane