
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16 000 studentar. HVL vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.
HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Hos oss kan du ta alt frå årsstudium til å fullføre bachelor-, master- eller doktorgrad. I utdanning, forsking og fagleg utviklingsarbeid skapar vi ny kompetanse, forankra internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt.
I tilnærminga til verksemda vår står tre omgrep sentralt:
- Samspel: Vi utviklar ny kunnskap i dialog med omverda og kvarandre.
- Berekraft: HVL skal vere ei drivkraft for berekraftig utvikling.
- Nyskaping: Vi skal utruste studentane med kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande.