Kompetansesenteret for Robotteknologi

https://www.osteroy.vgs.no/om-skulen/skulen-var/kompetansesenteret-for-robotteknologi/

Kompetansesenteret for Robotteknologi vart etablert som eit utviklingsprosjekt våren 2022. Eit samarbeidsprosjekt mellom sentrale bedrifter på Osterøy som nyttar robotteknologi og Vestland Fylkeskommune.

Formål

  • Kompetansesenteret vil vere ein pådrivar for å bygge kompetanse i det grøne skiftet og for kompetanseheving innan robotteknologi, både blant elevar i Vestland, tilsette i kommune- og næringsliv, og til dei som står utanfor arbeidslivet.
  • Kompetansesenteret vil synleggjere lærings- og vurderingsformer som gir relevant, fagleg sterk og praksisnær opplæring, som aukar samskapinga mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet.
  • Kompetansesenteret for robotteknologi – et nav i hjulet som knyt aktørane saman og fasilitator for samarbeid om kompetanseutvikling i lokalsamfunnet.

Osterøy vgs står som fasilitator for prosjektet, og fasiliterer blant anna kontor og verkstad for senteret.

Prosjektsamandrag
Kompetansesenteret ved Osterøy vidaregåande skule skal gjennomføre eit treårig utviklingsprosjekt med satsing på kompetanseheving innan robotteknologi, både blant elevar i Vestland, tilsette i kommune- og næringsliv, og til dei som står utanfor arbeidslivet. Næringslivet på Osterøy ligg langt framme når det gjeld bruk av robotar i industriproduksjon, og ventar vidare vekst framover. Teknologikompetanse innan robotteknologi vil vere ei viktig kompetanseheving for det grøne skiftet.

Kort beskriving av prosjektideen
Kompetansesenteret skal ha ei prosjektstilling for å utvikle Kompetansesenteret til eit regionalt leiande utdanningstilbod for kompetanseheving innan robotteknologi. Nøkkeloppgåver for senteret blir å gjennomføre behovsanalyse i kommune og næringslivet, koordinere, strukturere, og vere ein møteplass for samskaping mellom opplæringsinstitusjonar, fagmiljø (gjerne internasjonale), og kommune og næringsliv for å sikre at innhaldet er i tråd med dagens teknologi. Sørge for framtidsretta og relevant utdanning for elevar, samt arrangere etter,- og vidareutdanningskurs for allereie tilsette i verksemder, eller opplæring til dei som står utanfor arbeidslivet slik at dei vert relevante for arbeidslivet. Prosjektet vil i høg grad stø opp under fylkeskommunens plan «Berekraftig verdiskaping 2021-2033» med tilhøyrande handlingsprogram

Kompetansesenteret skal vera ein pådrivar som bygger kompetanse for det grøne skiftet, og som synleggjer elev- og studentaktive læringsmetodar som aukar samskapinga mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet. Kompetansesenteret skal bidra til at fleire næringar kan ta i bruk ny robotteknologi raskare, ved å koordinere og strukturere samarbeidet mellom samskapingsaktørane på tvers av regionar, bransjar og verdikjeder.

Kontaktinformasjon:

Vidar Tufteland
Prosjektleiar
Kompetansesenteret for Robotteknologi
Solbjørgsdalen 12, 5286 Lonevåg
Mobil: 922 45 783