
Universitetet i Oslo
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.
Tal og fakta
- Om lag 6000 studentar
- Om lag 800 doktorgradskandidatar
- Om lag 600 vitskaplege tilsette
- Om lag 470 teknisk/administrativt tilsette
- Om lag 1910 vitskaplege publikasjonar