Universitetet i Stavanger

https://www.uis.no

Universitetet i Stavanger (UiS) har 12.000 studentar og 1600 tilsette. UiS skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

I samspel og dialog med våre omgivnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, nyskaping, formidling og museumsverksemd.

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. UiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med vårt forskingsinstitutt, NORCE Norwegian Research Centre. Det er òg fleire senter for forsking som er knytt saman i overbygningar mellom UiS og IRIS og andre aktørar. Innovasjonsselskapet Validé er vårt reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Validé driv teknologioverføring, kommersialisering og inkubatorverksemd, og er lokalisert i Ipark. Inkubator er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder.

Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar.

Universitetet i Stavanger er det einaste norske medlemmen i det europeiske nettverket European Consortium of Innovative Universities (ECIU).